top of page

Om oss

RYFYLKE GARDSYSTERI

Hilde og Joar Hauge heiter me som driv Ryfylke gardsysteri i Hjelmeland. Joar driv gard på fulltid, mens Hilde jobbar som fotograf under navnet Feien og Fjong i tillegg. Me har 3 ungar; Jonah, Frida og Lyder. Dei er stolte bondespirer og deltar på kvar sine interesseområder. 

 

I 2008 tok me over garden i Hetlandsbygda der Joar er oppvaksen. For at Joar skulle vera bonde på fulltid, bygde me hønshus til 7500 frittgåande høns same år. I 2019 sto eit nytt fjos på Rabben. Noko me har drøymt om i mange år. Eit åpent kaldfjos med mjølkestall. Kviger og kalvar bur i det gamla fjoset nede i tunet. Ysteriet står vegg i vegg med fjoset på Rabben så mjølka har kort veg til ystekaret. Ysteriet sto klart hausten 2020 og salget starta rett før jul same år. 

Hilde-19.jpg

JOAR - BONDEN - YSTAREN

Joar har lenge hatt interesse for matlaging og byrja difor på grunnkurs hotell- og næringsmiddelfag med plan om å bli kokk. På grunn av ukurante arbeidstider gjekk han vekk i frå det. Ironisk nok har han etter det kun hatt skiftarbeid og vore bonde og aldri hatt ei normal arbeidstid. 

Det er han som er bonden og ystaren. Hans favoritt på ostefatet er lagra kvitost og difor var det det han ønska å laga i eige ysteri. 

 

 

 

HILDE 

Sidan Joar både er bonden og ystaren lurar du kanskje på kva Hilde bidrar med?

Det blir vel alt anna det då. Neida. Men eg lagar blandt anna denna nettsida så her kan eg skriva akkurat det eg vil. Eg har alltid hatt jobb utanom garden, for det meste som sjølvstendig næringsdrivane fotograf og interiørkonsulent, men har dei siste åra blitt meir deltakande på garden. Spesielt etter at ysteriet sto klart. Eg står for Ryfylkeosten og Ryfylkeyoghurten og er gjerne den som er mest på tur med osten.  

Hilde-40.jpg
Ryfest22-176.jpg
Ryfylkeosten-28.jpg
Hilde-7.jpg
Hilde-11.jpg
Malene-29.jpg
Ystelager -23-7.jpg
Malene-16.jpg
Hilde-21.jpg
Pøyg-6.jpg
bottom of page